Stökkva beint að efni

Gardsovernatting Ramlarstugu // Nordigard Ramstad

Ola býður: Bændagisting
2 gestir1 svefnherbergi1 rúm0 baðherbergi
Allt heimilið
Þetta er bændagisting sem þú hefur út af fyrir þig.
Hreint og snyrtilegt
12 gestir sögðu nýverið að eignin væri tandurhrein.
Frábær staðsetning
95% nýlegra gesta gáfu 5 stjörnur í einkunn fyrir staðsetninguna.
Frábær innritunarupplifun
90% nýlegra gesta gáfu innritunarferlinu 5 stjörnur í einkunn.
Sjarmerande gardsovernatting i fjellbygda Skjåk!

Historiske Ramlarstugu er restaurert til ein koseleg overnattingsstad med god atmosfære. Ramlarstugu består av kun eitt rom med historisk skuvseng – som utslått tener som dobbeltseng. Bad med toalett og vatn finn du i nabobygget.

Kvar morgon serverer vi herleg frukost med våre nyverpa Gudbrandsdalsegg i den historiske landhandelen Ramstadbue til kr. 150,- (80,- for barn).

Eignin
På historiske Nordigard Ramstad kjem eventyret i mange formar. Frå fjøset, på garden, i naturen, ved matbordet, gjennom historia og i den storslåtte fjellheimen som omgir oss.

Garden ligg på solsida i Skjåk – krinsa av nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellmetropolen Lom ligg ein svipptur unna, fjordperla Geiranger motsatt veg.

På Nordigard Ramstad vaknar du i tindeparadis, men hjå oss er overnatting langt meir enn ein god natts søvn. På det idylliske gardstunet finn du forutan hyggelege sittegrupper både katt og kaninar, høner og hund. Jordbær og bringebær kan du gjerne få plukke, og vil ungane vere med å sortere egg i hønseriet, så klukkar vertskapet nøgde. Leikarstugu, huskestativ, sandkasse og eventyrleg buldrestein finst og i det intime tunet. Vi har og kajakkar til leige om du vil freiste eksotisk øyhopping i Ottaelva rett nedanfor garden.

Ynskjer du anna overnatting, så er det mogleg å leige både fullt utstyrt leilegheit for inntil seks personar, bonderomantiske Eldhuset (inntil fire personar med bad og kjøken) eller intime Ysthuset (soveseng for to – bad med toalett og vatn i nabohuset).

All utleige på Nordigard Ramstad finn du her: https://www.airbnb.no/users/show/185439082

...og så må vi få invitere deg inn i den historiske landhandelen på tunet:

Ramstadbue – sjarmbombe og sosial møteplass av ei anna tid. Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett. Historiske godbitar av ymse slag er for sal, så kan det hende du litt lettare klarer å rive deg laus.

Ta gjerne ein titt på denne presentasjonen for å bli betre kjend med Nordigard Ramstad: https://issuu.com/sigurdronningen/docs/nordgardiramstad_issuu

Velkomen til gards!

Aðgengi gesta
Som gjest har du Ramlarstugu heilt for deg sjølv. Ramlarstugu har ikkje innlagt vatn, men du har tilgang på bad med toalett og vatn over tunet i Ramstadbue.

På gardstunet kan du treffe på andre gjester – men vil du nyte idyllen åleine, så er det nok av intime sittegrupper og storslåtte utsyn.

Annað til að hafa í huga
Den historiske skuvsenga er litt kortare i lengda enn moderne senger, og kan lett utvidas til dobbeltseng for to personar.

Det er wifi i Ramlarstugu.

Sengetøy og utvask er inkludert i prisen.

Kvar morgon kan du få herlig frukost med Gudbrandsdalsegg fra garden for kr. 150/80,-

Hjertestartar er montert på gjestetoalett i Ramstadbue midt på gardstunet.
Sjarmerande gardsovernatting i fjellbygda Skjåk!

Historiske Ramlarstugu er restaurert til ein koseleg overnattingsstad med god atmosfære. Ramlarstugu består av kun eitt rom med historisk skuvseng – som utslått tener som dobbeltseng. Bad med toalett og vatn finn du i nabobygget.

Kvar morgon serverer vi herleg frukost med våre nyverpa Gudbrandsdalsegg i den historiske landhandelen Ramstadbue til…

Svefnfyrirkomulag

Svefnherbergi 1
1 tvíbreitt rúm

Þægindi

Herðatré
Nauðsynjar
Kolsýringsskynjari
Slökkvitæki
Upphitun
Arinn
Barnastóll
Ungbarnarúm
Reykskynjari
Sjúkrakassi

Veldu innritunardag

Bættu við ferðadögunum þínum til að fá nákvæmt verð
Innritun
Bættu við dagsetningu
Útritun
Bættu við dagsetningu

4,72 af 5 stjörnum byggt á 36 umsögnum
4,72 (36 umsagnir)

Hreinlæti
Nákvæmni
Samskipti
Staðsetning
Innritun
Virði

Staðsetning

Skjåk, Oppland, Noregur

Nordigard Ramstad ligg midt i Nasjonalparkriket – med høgfjell og turistattraksjonar på alle kantar:
- Øyhopping i elva rett nedanfor garde – kajakkar til utleige på garden
- Fantastiske fjellturar frå dørstokken
- Ramstadbue – historisk landhandel og sjarmerande gardspub på tunet
- Nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen
- Bakeriet i Lom (15 min)
- Norsk fjellsenter i Lom (15 min)
- Dønfoss – spektakulært elvebad og Nord-Europas største steinrøys
- Verdsarvfjorden Geiranger
- Brimiland og Arne Brimi sitt Vianvang
- Sota seteridyll
- Galdhøpiggen – Noregs høgste fjell
- Besseggen – kåra til ein av verdas flottaste fjellturar
- Glittertind – nest høgast og vakrast i landet?
- Sognefjellet og Strynefjellet
- Rafting i Sjoa
- Rondane og Dovrefjell (med moskussafari)
Nordigard Ramstad ligg midt i Nasjonalparkriket – med høgfjell og turistattraksjonar på alle kantar:
- Øyhopping i elva rett nedanfor garde – kajakkar til utleige på garden
- Fantastiske fjellturar f…
Brimibue
6.1 míla
Lom Municipality
14.5 míla
Coop Extra Lom
6.1 míla
Jotunheimen national park, hiking
11.1 míla

Gestgjafi: Ola

Skráði sig maí 2019
  • Auðkenni vottað
Samgestgjafar
  • Sigurd
  • Odd Joar
Í dvölinni
Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad er djupt engasjert og oppriktig glade i både garden, dyra og gjestane sine – noko du garantert vil merke under ditt opphald. På få år er Nordigard Ramstad blitt videreutvikla frå tradisjonell fjellgard til eit blomstrande turist- og lokalmateventyr. I dag dyrkar Nordigard Ramstad gode opplevelingar i form av gardsovernatting i stemningsfulle tømmerhus med gardspub og landhandleri på tunet. I to nybygde hønsefjøs blir gudbrandsdalsegg verpa fram i to skift. På kjøkkenet baker Gudrun vidgjeten Gudbrandsdalskaku av klinkegg frå eigne høner – slik at inga råvare går til spille. Og til alle døgnets tider er Odd Joar i sving for å levere kvalitet frå øvste fjellhylle til gjestar og kundar.

Gudrun og Odd Joar bur sjølve på Nordigard Ramstad, er lette å få kontakt med og eit særs triveleg selskap under opphaldet. Spør gjerne om tips til turar, aktiviteter og andre opplevingar i nærområdet!
Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad er djupt engasjert og oppriktig glade i både garden, dyra og gjestane sine – noko du garantert vil merke under ditt opphald. På få år er Nordig…
    Til að vernda greiðsluna þína skaltu aldrei senda peninga eða eiga í samskiptum fyrir utan heimasíðu eða app Airbnb.

    Mikilvæg atriði

    Húsreglur
    Innritun: 16:00 – 22:00
    Útritun: 12:00
    Gæludýr eru leyfð
    Öryggi og fasteign
    Kolsýringsskynjari
    Reykskynjari

    Kannaðu aðra valkosti sem Skjåk og nágrenni hafa uppá að bjóða

    Skjåk: Fleiri gististaðir